Adventures in Brass

Nok ein gong kan Herøy Brass byde publikum på ei konsertoppleving av høg klasse ! Euphoniumsolisten Henrik Dagestad-Dalhaug og vokalsolisten Stine Hole Ulla vil, saman med Herøy Brass, levere eit variert utval av musikk frå fleire sjangerar.

 

stine hole ulla

er fødd i 1995 og kjem frå Sykkylven. Ho utmerka seg tidleg med si vakre stemme, og starta i ein alder av 12 år med songtimar. Då ho var 14 år song ho seg inn i talentutviklingsprogrammet til Musikkonservatoriet på NTNU i Trondheim. Ho var vidare den fyrste kvinnelege vinnaren av TV2 sitt underhaldningsprogram Norske Talenter og har vore solist med ulike symfoniorkester, på nyttårskonsertar saman med kor og korps, kirkekonsertar, jubileum mv. No stiller ho saman med Herøy Brass!

henrik Dagestad-dalhaug

kjem opprinneleg frå Skodje kommune, men har også budd i Ulsteinvik. Han har til og med vore medlem av Bergshorn (!) Musikalsk utdanning har han frå Royal Northern College og Music og Norges Musikkhøgskule med euphonium som hovudinstrument. Han har dirigert korps på alle nivå og spelt med nokre av dei beste brassbanda i Europa, bl.a. The Black Dyke Band. Som solist og dirigent har han reist verda rundt. No kjem han ein tur til Fosnavåg for å delta på konsert med Herøy Brass!

EVEN SÆVIK

er den lokale solisten på komande storkonsert. Han er godt kjend for eit lokalt publikum og ser sjølvsagt fram til å synge duett med Stine Hole Ulla. – Det er ei stor ære å få synge saman med Stine. Ho er utruleg flink og det vert kult å synge med ei som har opptrådt på so mange store arenaer som ho, seier Even.

Kjellstein Knotten

frå Gursken/Haddal og framleis inspirator, musikalsk leiar og dirigent for Herøy Brass, har saman med solistane sett saman eit repertoar som garantert vil skape god stemning og gi ei flott konsertoppleving i Fosnavåg konserthus denne laurdagskvelden.

Herøy Brass

Herøy Brass vil akkompagnere solistane. I tillegg er det gjort eit utval av flotte brassbandarrangement Herøy Brass vil framføre under direksjon av Kjellstein Knotten.

.

Det er all grunn til å finne vegen til Fosnavåg konserthus denne laurdagen. Herøy Brass og gjestane har ambisjonar om å gi publikum ei flott oppleving – kanskje ei musikalsk eventyrforteljing?

Vår konferansier vil knyte aktørane, musikken og publikum saman.

Vel møtt !!