Come What May

 

Konsert-tittelen er henta frå ein av melodiane i filmmusikalen Molin Rouge, med Nicole Kidman og Ewan McGregor i hovudrollene. Med denne tittelen byd Herøy Brass inn til storkonsert i Fosnavåg konserthus laurdag den 14.04.2018 kl. 19:00. På repertoaret står ikkje berre melodiar frå film og musikalar, men med dei gjestevokalistane vi er so heldige å ha med oss, er det naturleg å hente musikk frå denne sjangeren også. Herøy Brass lovar publikum eit flott samansett repertoar, med spektakulære brasstykker, energiske soloprestasjonar og flotte duettar.

 

STEPHEN BRANDT-HANSEN

Stephen Brandt-Hansen er utdanna ved Teater- og operahøgskulen i Gøteborg. Han har medverka i fleire større oppseTnadar ved Trøndelag Teater. Brandt-Hansen sin spesialitet er teater og musikalar. Han har spelt hovudrolla i Jesus Christ Superstar i fem land og ved fleire høve hatt eigne soloshow på dei viktigaste teaterscenene i Sverige. Stephen Brandt-Hansen bør vere godt kjend for publikum på våre kantar også. Herøy Brass har hatt gleda av å ha han som gjestevokalist ved fleire høver tidlegare, og ser fram til å samarbeide med han på nytt!

 

BIRGITTE GRYTTEN VELSVIK

Også Birgitte har vore gjestevokalist på konsert med Herøy Brass tidlegare, og ville svært gjerne kome attende. Ho er klassisk utdanna med bl.a. mastergrad i opera frå Mariinsky-operaen i St.Petersburg. Ho har hatt roller i fleire av dei mest kjende operaene; Tryllefløyten, Rigoletto og Figaros Bryllup, for å nemne nokre. Ho er imidlertid svært allsidig og syng både jazz, pop, soul og gospel. For tida har ho base i Oslo og arbeider som frilanssongar over heile verda.

 

HERØY BRASS

Herøy Brass har nyleg delteke i NM for Brass i Grieghallen i Bergen. Medlemane er i toppform og ivrar etter å vidareføre innsatsen og motivasjonen for å beigeistre publikum. Herøy Brass er no på eit høgare musikalsk nivå enn nokon gong før. Publikum kan vente seg mykje flott musikk og eit breidt samansett repertoar på denne konserten! Dirigent: Kjellstein Knotten.

"Come What May..." - denne konserten må du kome på!

VEL MØTT!!