Vamp & Herøy Brass

Publikum er garantert ei kreativ og spanande konsertoppleving av ypperste kvalitet i  Fosnavåg Konserthus tysdag 29.11.2016 kl. 20:00 !

 

Det er ikkje første gongen Vamp samarbeider med større orkester. Mange vil nok hugse samarbeidet med KORK "I full symfoni" som resulterte i 2 album i tillegg til fjernsyn. 

Vamp presenterer seg no med ei svært spennande besetning. Øyvind Staveland, Vamps gründer, er den einaste av besetninga som har vore med alle 24 åra. Han har laga mange av Vamp sine songar og spelar fele, bratsj, fløyter og trekkspel.

Jan Toft har hovudvokal og spelar gitar. Jan er Vamp sin originalvokalist, og var med frå starten i 1991 og fram til 1998.

Odin Staveland blei i 2004 involvert som låtskrivar og musikar til Vamp si plate ”Siste stikk”. Sidan har han turnert og spelt inn plater med Vamp. Odin syng, spelar piano, trommer, percusjon og trekkspel.

I tillegg er legendariske Bjørn Berge med på gitarar og banjo, Kjetil Dalland er med på bass og Lars-Eirik Støle på tangentar av alle slag. Han fyller ut og toppar mannskoret Vamp!

 

Herøy Brass (Fosnavåg) har hatt ei flott utvikling dei siste åra og har pr. dato full brassbandbesetning.  Dette vert ei oppleving utanom det vanlege for det godt trimma brassbandet.

Dirigent : Kjellstein Knotten.

 

Vel møtt !!