Framside_tikkio_3.jpg

Julenattine

HERØY BRASS/ Herøy kyrkjekor/ Maria steinsvik/
sande kantori/terje tjervåg

Kvelden før tredje søndag i advent kan du legge dei praktiske juleførebuingane på is, og sanse julesteminga gjennom vakker song og musikk i Herøy Kyrkje. Vi er veldig fornøgde med å ha fått med oss fleire meir eller mindre lokale gjestar. I tillegg til Herøy Brass får du høyre korsong av Herøy Kyrkjekor og Sande Kantori og solistnummer av Maria Steinsvik og Terje Tjervåg. Kanskje vert det også fellesnummer!

Vi håper og trur at denne konserten med tradisjonelle og klassiske julesongar vil vere med på å skape den riktige julestemninga for akkurat deg.

Les meir om konserten her>

Kjøp billettar her>

Herøy kyrkje

Laurdag 15.12.2018 kl. 21:00

 
HerøyogMoldeFull.jpg

BRASSTHONAR

MOLDE BRASS BAND / HERØY BRASS

Det er ei stor glede å kunne invitere unge og vaksne til konsert med Herøy Brass og Molde Brass Band! Når vi får besøk av eit korps frå noregseliten kan vi love ei musikalsk oppleving av dei sjeldne. Vakre klangar, kjappe løp og solid trøkk er gode stikkord for vårt varierte program.

Les meir om konserten her >

Kjøp billettar her >

Fosnavåg konserthus

Søndag 30.09.2018 kl. 16:00

 
 
 
side01.jpg

Come What May

STEPHEN BRANDT-HANSEN / bIRGITTE GRYTTEN VELSVIK / HERØY BRASS

To stjernevokalistar har meir enn gjerne takka ja til å gjeste Herøy og Fosnavåg konserthus på den komande storkonserten til Herøy Brass! Dette vert eit fyrverkeri av ein konsert. Det kan vi love! Set av denne laurdagskvelden og opplev flott musikk i vår lokale storstove av ein konsertsal!

Les meir om konserten her >

Fosnavåg konserthus

Laurdag 14.04.2018 kl. 19:00

 
 
 
side01.jpg

Julenattinè

MARIA STEINSVIK / aTLE HOVDEN HAVÅG / HERØY BRASS

Herøy Brass byd inn til julenattinè i ei travel førjulstid. La julestemning og julero senke seg og høyr flott julemusikk denne laurdagskvelden.

Les meir om konserten her > 

Herøy kyrkje

Laurdag 16.12.2017 kl. 22:00

 
 
 
Siréner og Brass.jpg
 
 

Siréner & Brass

SIréNE / HERØY BRASS

 
 

Herøy Brass byd inn til flott konsert på Fosnavåg konserthus søndag 8.okt. kl. 17:00. Gjestar er damekoret Siréne frå Gursken. Begge aktørane er komande NM-deltakarar. Siréne skal om få dager til Trondheim på NM for kor, medan Herøy Brass skal til Bergen på NM for brassband i februar. Publikum vil få korsong og brassmusikk av høg klasse på konserten.

Les meir om konserten her >

Fosnavåg konserthus

Søndag 08.10.2017 kl. 17:00

 
 
 

Konsert i Herøy kyrkje

CORSONUS / HERØY BRASS

Herøy Brass byd denne gongen med seg damekoret CorSonus til kyrkjekonsert i Herøy kyrkje. Publikum får oppleve eit variert konsertprogram med solide aktørar frå Herøy og Hareid. Herøy Brass på heimebane med kjende og mindre kjende brassbandstykker og CorSonus, for fyrste gong i Herøykatedralen, med ei repertoarliste av breidt format.

Les meir om konserten her >

Herøy kyrkje

Søndag 21.05.2017 kl. 19:00

 

 
 
 

Adventures in Brass

HERØY BRASS/ STINE HOLE ULLA/ HENRIK DAGESTAD-DALHAUG

Nok ein gong kan Herøy Brass byde publikum på ei konsertoppleving av høg klasse! Euphoniumsolisten Henrik Dagestad-Dalhaug og vokalsolisten Stine Hole Ulla vil, saman med Herøy Brass, levere eit variert utval av musikk frå fleire sjangerar.

Les meir om konserten her >

Fosnavåg Konserthus
Laurdag 11.03.2017
Kl. 19:00

 
Fasade-Leikanger kyrkje.jpg

Vi syng jula inn...

Herøy Brass deltek søndag den 18.12.2016 kl. 17:00 på den årlege julekonserten i Leikanger kyrkje : "Vi syng jula inn..."

Saman med fleire lokale utøvarar vil vi yte vårt beste for å skape ei fin førjulstemning denne 4. søndagen i Advent.

Herøy Brass skal spele 5-6 julesongar arrangert for brass band og vil avslutte konserten med Deilig er Jorden og allsong.

Det er gratis inngong på konserten, med kollekt til Blå Kors.

 

Leikanger kyrkje
Søndag 18.12.2016
Kl. 17:00

 
 
 
Bilete Vamp& Herøy Brass.jpg

Vamp & Herøy Brass

Vamp er attende i Herøy! Etter sommarens store suksess på Herøy amfi, der dei trollbatt rundt 1500 i kveldssola, blir det denne gongen i samspel med Herøy Brass. Publikum får oppleve eit konsertprogram med Vamp som hovudaktør, akkompagnert av Herøy Brass på fleire nummer og felles framføring på andre. Møt opp til ei flott konsertoppleving!

Les meir om konserten her >

Fosnavåg Konserthus
Tysdag 29.11.2016
Kl. 20:00

 
 
 

BrassThonar

ØRSKOG BRASS / GURSKEN BRASS / HERØY BRASS

Herøy Brass, Gursken Brass og Ørskog Brass avsluttar ei helg med øving, inspirasjon og sosialt samvere med stor konsert i Fosnavåg Konserthus. I kvar si avdeling vil dei tre brassbanda framføre eit breidt utval av brassmusikk med intensitet, glød og kvalitet.

Les meir om konserten her >

Fosnavåg Konserthus
Søndag 02.10.2016
Kl. 17:00

 
 
 

Atmosphere

Rein Alexander / Birgitte Grytten Velsvik / Herøy brass

Nok ein gong kan Herøy Brass byde publikum ei konsertoppleving av høg klasse ! Vokalsolistane Rein Alexander og Birgitte Grytten Velsvik vil, saman med Herøy Brass, levere eit variert utval av musikk henta frå bl.a. musicals, film og opera.

Les meir om konserten her >

Fosnavåg Konserthus
Laurdag 05.03.2016
Kl. 19:00

 

Julekonsert

BERGSØY BLANDAKOR / Herøy brass

Vi tilbyd fredfull julestemning siste søndagen før jul ;  4. søndag i Advent. Tradisjonelle julesongar framført av kor og korps, høgtleseing frå Juleevangeliet. Gratis inngong / kollekt.

Herøy Kyrkje
Søndag 20.12.2015
Kl. 18:00

 

BrassThonar i Fosnavåg

TOMRA BRASS BAND / GJALLARHORN / Herøy brass

Tre solide brassband vil fylle konserthuset med klang, trøkk og blank messing..... Konserten avsluttar ei helg med øving, inspirasjon og sosialt samvere. I kvar si avdeling vil dei tre brassbanda framføre eit breidt utval av brassmusikk med intensitet, glød og kvalitet.

Les meir om konserten her >

Fosnavåg Konserthus
Søndag 25.10. 2015
Kl. 19:00