Adventures in Brass

 

Herøy Brass er i gong med repertoarutval og øving til storkonserten på Fosnavåg konserthus laurdag den 11.03.2017 kl. 19:00.

Stine Hole Ulla og Henrik Dagestad-Dalhaug vert med som solistar. Fyrstnemde framifrå vokalsolist frå Sykkylven og Henrik euphonium-virtuos med røter frå Ulsteinvik og Skodje.

Vi oppmodar publikum om å finne vegen til denne flotte konsertopplevinga. Kombiner gjerne med ein betre middag på Thon Hotel Fosnavåg etter konserten. Kanskje eit julegåvetips ?