CorSonus i Herøy kyrkje

 

Nesten "på direkten", etter stor suksesskonsert i Hareidhallen, kjem CorSonus til Herøy for å halde kyrkjekonsert saman med Herøy Brass.

 
 

CorSonus er eit relativt nystarta damekor med "base" i Hjørungavåg. Medlemane kjem imidlertid frå fleire stadar i Hareid og Ulstein kommune. På kort tid har koret nådd eit nivå det står respekt av. Nyleg skipa dei til konsert i ein fullsett Hareidhall, der "publikum var nærast i ekstase" (sit. Vikebladet/Vestposten) etter konserten. Om kort tid kan publikum i Herøy kyrkje også oppleve dette flotte koret, saman med konsertarrangør Herøy Brass.

HERØY KYRKJE

Søndag 21.05.2017

kl. 19:00