Kyrkjekonsert i Herøy kyrkje

 

Herøy Brass byd med seg damekoret CorSonus til Herøy kyrkje og skipar til ein variert og innhaldsrik kyrkjekonsert. Herøy Brass har bak seg "Adventures in Brass" i Fosnavåg konserthus. No er eit anna repertoar plukka fram, for vèlklang i herøykatedralen.

 
 

CorSonus har tilhald i Hjørungavåg, men har medlemar frå Hareid og Ulstein kommune. 38 songlade damer har nettopp hatt stor suksess med konsert i Hareidhallen. Vi gled oss til å oppleve koret i Herøy kyrkje.

 

HERØY KYRKJE

Søndag 21.05.2017

kl. 19:00