Planar for våren 2017

 

Det nermar seg jul og Herøy Brass ynskjer medlemane, sponsorane, publikum på våre arrangement og alle andre ei retteleg fin julehøgtid !

Vi avsluttar haustsesongen med å delta på julekonsert i Leikanger kyrkje søndag 18.12.16 kl. 17:00.

Planane for våren 2017 er i hovudsak klare. Nokre detaljar står att, men datoar for aktivitetar er sette.

Vi ber publikum merke seg laurdag 11.03.2017. Då vert det stor konsert i Fosnavåg konserthus med Herøy Brass, Stine Hole Ulla og Henrik Dagestad-Dalhaug. Billettane er lagt ut for sal på Fosnavåg konserthus sine heimesider.