Stine Hole Ulla på Fosnavåg konserthus

 

Laurdag 11.03.2017 kl. 19:00 skal Stine Hole Ulla delta på konsert saman med Herøy Brass på Fosnavåg konserthus. Vi gler oss stort til konserten og vonar det vert ei oppleving også for publikum. Billettane er lagt ut for sal på Fosnavåg konserthus sine heimesider. Du kan nytte koplinga nedanfor.

 
 

I tillegg til Stine Hole Ulla, skal Henrik Dagestad-Dalhaug delta som solist på Euphonium. Herøy Brass øver for tida intens på alle stykka som skal framførast. Komande helg er det øvingshelg og full fokus på konserten om ca. 5 veker. Kom og opplev "Adventures in Brass"!