Vamp & Herøy Brass

 

Vamp er tilbake i Herøy! Etter sommarens store suksess på Herøy amfi, der dei trollbatt rundt 1500 i kveldssola, vert det denne gongen i samspel med Herøy Brass.

Etter spurnad frå Øyvind Staveland og Fosnavåg konserthus (v/Bjørn Holum), takka sjølvsagt Herøy Brass ja eit slikt prestisjeoppdrag.

Medlemane i korpset gled seg stort til dette samarbeidsprosjektet og er i full gong med førebuingar. Det vert fellesøving med Vamp kvelden før konserten. Det vert spanande!

Vi oppfordrar publikum til å finne vegen til konsert 29.11.2016 kl. 20:00.

Les meir om Vamp og konserten her >>