Vi syng jula inn...

 

Herøy Brass deltek den 18.12.2016 kl. 17:00 på den årlege julekonserten i Leikanger kyrkje : "Vi syng jula inn..."

Saman med fleire andre lokale utøvarar, vil vi yte vårt beste for å skape ei fin førjulsstemning denne 4. søndag i Advent.

Herøy Brass skal spele 5-6 julesongar arrangert for brass band, og vil avslutte konserten med Deilig er Jorden med allsong.

Det er gratis inngong på konserten, med kollekt til Blå Kors.

LEIKANGER KYRKJE
Søndag 18.12.2016
Kl. 17:00

Vel møtt !