CorSonus i Herøy kyrkje

 

Nesten "på direkten", etter stor suksesskonsert i Hareidhallen, kjem CorSonus til Herøy for å halde kyrkjekonsert saman med Herøy Brass.

 
 

CorSonus er eit relativt nystarta damekor med "base" i Hjørungavåg. Medlemane kjem imidlertid frå fleire stadar i Hareid og Ulstein kommune. På kort tid har koret nådd eit nivå det står respekt av. Nyleg skipa dei til konsert i ein fullsett Hareidhall, der "publikum var nærast i ekstase" (sit. Vikebladet/Vestposten) etter konserten. Om kort tid kan publikum i Herøy kyrkje også oppleve dette flotte koret, saman med konsertarrangør Herøy Brass.

HERØY KYRKJE

Søndag 21.05.2017

kl. 19:00

 

Kyrkjekonsert i Herøy kyrkje

 

Herøy Brass byd med seg damekoret CorSonus til Herøy kyrkje og skipar til ein variert og innhaldsrik kyrkjekonsert. Herøy Brass har bak seg "Adventures in Brass" i Fosnavåg konserthus. No er eit anna repertoar plukka fram, for vèlklang i herøykatedralen.

 
 

CorSonus har tilhald i Hjørungavåg, men har medlemar frå Hareid og Ulstein kommune. 38 songlade damer har nettopp hatt stor suksess med konsert i Hareidhallen. Vi gled oss til å oppleve koret i Herøy kyrkje.

 

HERØY KYRKJE

Søndag 21.05.2017

kl. 19:00

Har du fått deg billett til Adventures in Brass ?

 

Konserten komande laurdag nærmar seg. Herøy Brass og solistane gler seg stort til å presentere eit variert og spanande repertoar til eit talrikt publikum. Vi håpar du kjem.

 
 
 
 

HENRIK DAGESTAD-DALHAUG

STINE HOLE ULLA

EVEN SÆVIK

Les meir om konserten her >

 

Even Sævik i duett med Stine Hole Ulla

 

Laurdag 11.03.2017 kl. 19:00 skal Even Sævik delta på konsert saman med Herøy Brass og Stine Hole Ulla på Fosnavåg konserthus. Billettane er lagt ut for sal på Fosnavåg konserthus sine heimesider. Du kan nytte koplinga nedanfor.

Foto : Kristoffer Nærø / meirenntusenord

Foto : Kristoffer Nærø / meirenntusenord

 
 

I tillegg skal Henrik Dagestad-Dalhaug delta som euphoniumsolist. Vi oppmodar publikum om å finne vegen til Fosnavåg konserthus denne laurdagskvelden. Opplev "Adventures in Brass"!