Julenattine

 

HERØY BRASS

Julemusikk og brassband høyrer saman. Også i Herøy Brass er det tradisjon for å øve inn eit juleprogram for framføring i kyrkja før jul. I år satsar vi på nytt med julenattine og kan by publikum på eit flott repertoar saman med vokalsolist og kyrkjeorgel/piano. Dirigent og musikalsk leiar, Ines Vatne har, saman med solistar sett opp eit repertoar som garantert vil falle i smak.

 

 Herøy kyrkje laurdag 15.12.2018,  kl. 21:00

 

MARIA STEINSVIK

er godt kjend for dei fleste i Herøy og omegn. Ho er fødd og oppvaksen i Herøy, men har no adresse i Oslo og er «freelance» musikar med base der. Ho har teke si klassiske musikkutdanning som sopran ved Musikkhøgskulen i Sofia (Bulgaria), ved universitetet i Stavanger og ved Conservatorio di Santa Cecilia i Roma. Ho har hatt fleire roller i operaframsyningar og har også spelt Unn den Fagre i Kongens Ring. No kjem Maria Steinsvik attende til Herøy for å synge julesongar i Herøy kyrkje, saman med Herøy Brass. Vi gled oss!

 

Terje Tjervåg

er oppvaksen på Runde og er no busett i Porsgrunn. Han studerte kyrkjemusikk i Kristiansand og jobba som kantor i Selje og Borgestad i Skien, før han kom heim for å vere kantor i Herøy Kyrkje i 14 år. Etter det trakterte Terje orgelet i Siljan i Telemark fram til han nyleg blei pensjonist. Terje har vore med oss på Julenattine fleire gongar før. Han har til og med spesialarrangert eit stykke julemusikk for kor, korps og orgel, som de kanskje får høyre.

.

 

JULENATTINE

Ein nattine skal ha eit snev av natt i seg og konserten vil vare fram mot midnatt denne laurdagskvelden. Vi håpar publikum vil sete pris på ei sein kveldsstund i Herøy Kyrkje.

Vel møtt !!