BrassThonar i Fosnavåg

 

Du som likar, har interesse for, eller har røynsle frå korps må finne vegen til Fosnavåg Konserthus søndag 25. oktober kl. 17:00 ! Tre solide brassband vil fylle salen med klang,  «trøkk» og blank messing…….

Herøy Brass, Gjallarhorn og Tomra Brass Band avsluttar ei helg med øving, inspirasjon og sosialt samvere med stor konsert i Fosnavåg Konserthus. I kvar si avdeling vil dei tre brassbanda framføre eit breidt utval av brassmusikk med intensitet, glød og kvalitet.

 

Tomra Brass Band (Tomrefjord)

- har gjennom 90- og 2000-tallet hausta ei rekkje topplasseringar i regionale, nasjonale og internasjonale konkurransar. Seinast i 2007 vart det 4. plass i elitedivisjonen i NM for brassband. Dirigent : Nick Ost.

Gjallarhorn (Emblem)

- er einaste brassbandet i Ålesund kommune. Dei har tilhald på Emblem og har medlemar frå Ålesund, Sula, Skodje og Sykkylven. Gjallarhorn sitt musikkval er allsidig, alt frå tradisjonell korpsmusikk til klassisk og litt populærmusikk. Dirigent : Harald Førde.

Herøy Brass (Fosnavåg)

- har hatt ei flott utvikling dei siste åra. Suksesskonsertane «Brass med Bror», «Herøy Brass i Herøy Kyrkje» og «Music» speglar eit breidt musikalsk spekter. Inneverande år kan Herøy Brass skilte med ein sterk 2. plass frå Tomra Ørskog Festivalen (i klassa 2. div. amatørkorps). Dirigent : Kjellstein Knotten.

Trude Gurskevik Knotten

- vil knyte korpsa, «thonane» og publikum saman.

 

Vel møtt !!