Kyrkjekonsert i Herøy kyrkje

 

Herøy Brass byd denne gongen med seg damekoret CorSonus til kyrkjekonsert i Herøy kyrkje. Publikum får oppleve eit variert konsertprogram med solide aktørar frå Herøy og Hareid. Herøy Brass på heimebane med kjende og mindre kjende brassbandstykker og CorSonus, for fyrste gong i herøykatedralen, med ei repertoarliste av breidt format.

 Herøy kyrkje søndag 21.05.2017 kl. 19:00

 

 

CORSONUS

- vart starta i Hjørungavåg i september 2015 og er samansett av 38 songglade damer frå både Hareid og Ulstein kommune. Koret kom på 2. plass (for damekor) i song-komkurransa "Syng for oss" i Bergen i juni 2016. Søndag 23. april skal CorSonus ha sin fyrste konsert i Hareidhallen, med tittelen "Robbel & Beat". Komande haust skal koret delta i NM for kor i Trondheim.

Dirigent: Iris Kristine Tangen Nanseth.

 

Herøy Brass

- med sine ca. 30 medlemar frå Herøy, Sande og Ulstein, er «i betre form» enn nokon gong før og har nyleg bak seg ein svært vellukka konsert i Fosnavåg konserthus (Adventures in Brass), der vokalsolistane Stine Hole Ulla og Even Sævik deltok, saman med euphoniumsolisten Henrik Dagestad-Dalhaug.

Dirigent : Kjellstein Knotten.

 

KYRKJEKONSERT

Herøy Brass har lang tradisjon med framføringar i kyrkjer, og då særskilt i Herøy kyrkje. No er repertoaret sett for nok ein konsert i herøykatedralen og det er gledeleg og også kunne presentere eit stort og relativt nystarta damekor for eit musikkinteressert herøypublikum. Herøy Brass er arrangør av konserten og kan love eit variert og innhaldsrikt program.

Konferansier: Jens Terje Johnsen

 

Det er all grunn til å finne vegen til Herøy kyrkje denne søndagen. Herøy Brass og CorSonus har ambisjonar om å gi publikum ei flott oppleving.

 

 

Vel møtt !!