Herøy Brass

Herøy Brass har adresse Fosnavåg, i Herøy kommune. Brassbandet har pr. dato 30 medlemar, i hovudsak frå Herøy, men også frå Sande. Herøy Brass vart stifta i 2003, etter samanslåing av Bergshorn (Fosnavåg) og Herøy Brass (Tjørvåg/Moldtustranda).

Øvingar og tilhald elles er på Herøy Kulturhus. Frode Dalhaug er ein røynd dirigent og vart annsatt i Herøy Brass hausten 2021.Målsettinga hans er å vidareutvikle våre musikalske evner, ved å skape eit godt miljø og å utfordre medlemane der det trengst.

Aktiviteten i brassbandet er tufta på friviljug innsats frå medlemane. Arrangement, øvingar, musikkutval, administrasjon, investeringar, finansiering, rekneskap, og anna organisering skjer heilt og fullt på dugnad. Interessa frå medlemane for å ta i vare den lange tradisjonen brassband har i lokalmiljøet, og samstundes skape eit musikktilbod til seg sjølv og publikum, er upåklageleg.

Det er derfor svært tilfredsstillande at publikum og næringsliv støttar opp om aktivitetar og arrangement Herøy Brass tek initiativet til. Vi takkar for det !!

 

Aktivitetsplanar

Aktivitetsplanane kan verte endra utover i sesongen.

Besetning

Herøy Brass har nesten full brassband-besetning. Det manglar for tida kun 2 faste medlemar på slagverk/perkusjon. Heldigvis har det lukkast med innleige av ekstrahjelp til desse posisjonane når det har vore naudsynt.