Atmosphere

 

Nok ein gong kan Herøy Brass byde publikum på ei konsertoppleving av høg klasse ! Vokalsolistane Rein Alexander og Birgitte Grytten Velsvik vil, saman med Herøy Brass, levere eit variert utval av musikk henta frå bl.a. musicals, film og opera.

 

Rein Alexander

- treng knappast nærmare presentasjon for eit publikum i vårt nærområde. Med røter frå Gursken og Hareid, med fleire konsertar og framføringar på Møre og på fjernsyn dei siste åra, har publikum god kjennskap til dei vokale kvalitetane som har gjort Rein Alexander både nasjonalt og internasjonalt kjend.

Birgitte Grytten Velsvik

- halvt Herøyværing og oppvaksen i Ålesund, er klassisk utdanna med bl.a. ei mastergrad i opera frå Mariinsky-operaen i St. Petersburg. Ho har hatt roller i fleire av dei kjende operaene ; Trylleføyten, Rigoletto og Figaros bryllup for å nemne nokre. Ho er imidlertid svært allsidig og syng både jazz, pop, soul og gospel. For tida har ho base i Oslo og arbeider som frilanssongar over heile verda.

Kjellstein Knotten

- frå Gursken/Haddal og framleis inspirator, musikalsk leiar og dirigent for Herøy Brass, har saman med vokalsolistane sett saman eit repertoar som garantert vil skape god stemning og gi ei flott konsertoppleving i Fosnavåg konserthus denne laurdagskvelden.

Herøy Brass

- med sine ca. 30 medlemar frå Herøy, Sande og Ulstein, «i betre form» enn nokon gong før, vil akkompagnere vokalsolistane i både solonummer og i duettar. I tillegg er det gjort eit utval av flotte brassarrangement Herøy Brass vil framføre åleine.

Linn Therese Sævik

- vår konferansier, vil knyte aktørane, musikken og publikum saman på ein framifrå måte.

 

Det er all grunn til å finne vegen til Fosnavåg konserthus denne laurdagen. Herøy Brass og gjestane har ambisjonar om å gi publikum ei flott oppleving. Kanskje «til nye høgder»…..?

Vel møtt !!