Siréner & Brass

 

Herøy Brass har invitert damekoret Siréne til konsert i Fosnavåg konserthus. Kor og korps vil fylle kvar sine avdelingar med flotte musikkstykker og NM-kvalitet i framføringane!

Siréne er berre få dagar unna si deltaking i NM for kor i Trondheim og repertoaret «sit som støpt». Dirigent Torgeir Hauge uttalar at koret har store ambisjonar for si deltaking i NM og ser fram til å teste nervar og repertoar framfor eit kravstort og lydhaurt publikum i Fosnavåg konserthus. 

Herøy Brass er litt lenger unna si NM-deltaking. I februar 2018 reiser korpset til Bergen for å delta i NM for brassband. NM-repertoaret er ikkje innøvd enno, men NM-kvalitet håpar dei å kunne tilby. Kjellstein Knotten (dirigent) seier at førebuingane til NM er godt i gong og medlemane er motiverte. Det borgar for høg kvalitet på det som skal framførast på komande konsert i Fosnavåg konserthus også.

 Fosnavåg konserthus søndag 08.10.2017 kl. 17:00

 

SIRÉNE

- vart skipa i 1995 av dirigent Torgeir L. Hauge. Damekoret har i dag 18 medlemar frå Hareid, Ulstein, Herøy og Sande kommune. I NM skal Siréne vere med i to klasser: Sakral og damekor klasse A. I begge klassene er det mange gode kor frå heile landet. Konserten i Fosnavåg konserthus vert som ei generalprøve for Siréne, der publikum vil få høyre programmet som skal framførast i NM. I sakralklassa skal dei synge «Eg veit i himmerik», «Ave verum Corpus» og «Go tell it on the mountains». I damekor klasse A framfører Sirène «My funny Valentine», «Sansene» og «Turot ezic a zigany».

 Dirigent: Torgeir L. Hauge.

 

Herøy Brass

- med sine ca. 30 medlemar frå Herøy, Sande og Ulstein kommune, er «i betre form» enn nokon gong før og er i startfasa i førebuingane til NM. Herøy Brass har ikkje delteke i NM for brassband tidlegare og er naturleg nok spente. Dirigent, inspirator og instruktør, Kjellstein Knotten, har god tru på at korpset kan gjere ein «god figur» i si klasse. På komande konsert i Fosnavåg konserthus, vil Herøy Brass framføre eit variert utval av musikk arrangert for brassband.

Dirigent : Kjellstein Knotten.

 

KONSERT

Kor- og korpsmusikk har gode og lange tradisjonar på ytre søre. Dei som finn vegen til Fosnavåg konserthus vil få sjå og høyre to solide aktørar, som vil gi publikum flotte musikalske opplevingar denne søndagsettermiddagen. Vi oppmodar publikum til å stø opp om lokale aktørar sine arrangement og ynskjer alle:

Vel møtt !!

 
side01.jpg