Gursken Brass til BrassThonar

 

Herøy Brass gler seg over at Gursken Brass har takka ja til å vere med på BrassThonar i Fosnavåg den 01.10.16-02.10.16. Etter det vi forstår har dei også med seg vokalsolistar. Vi gler oss !

Vi håpar publikum også finn vegen for å høyre bl.a. Gursken Brass i Fosnavåg Konserthus den 02.10.16 kl. 17:00.

 
 
Gursken Brass

Gursken Brass

 
 

Besøk Herøy Brass si heimeside for meir informasjon og billettkjøp !

 

BrassThonar nærmar seg

 

Planane er klar, gjestane er inviterte og publikum må sikre seg billettar ! Ei flott helg med øving, inspirasjon og sosialt samvere for brassband-musikarar frå heile Sunnmøre, vert avslutta med stor konsert for alle som finn vegen til Fosnavåg Konserthus søndag den 02.10.16 kl. 17:00.

 
 
 

Besøk Herøy Brass si heimeside for meir informasjon og billettkjøp !

Haustsesongen godt i gong for Herøy Brass

 

Sommaren er bak oss og hausten byd på stor aktivitet for musikk- og kulturinteresserte. So også for medlemane i Herøy Brass.

Fyrst på programmet står øvingshelg: fredag 9. sept. til søndag 11. sept. med dirigent- og instruktørkapasitet Bjørn Sagstad.

Dirigent og medlemar i Herøy Brass gled seg til ei helg med inspirasjon og musikkfagleg påfyll.

 
 

Haustplanar i Herøy Brass

 

Der er framleis sommar og sommarferie for Herøy Brass, men planane for hausten tek etterkvart form. Alt er ikkje 100% avklara enno, men det er grunn til å merke seg fylgjande datoar i aktivitetsplanen for hausten 2016 :

 

 
 

Det går fram av planen at det er 2 programpostar med noko usikkerheit rundt enno :  konsert med Vamp den 29.11.16 og julekonsert den 18.12.16. Det vert arbeidd for å få avklaringar snarast råd.

 

Framleis god sommar !

Herøy Brass tek sommarferie

 
 
 

I DAG HAR HERØY BRASS SISTE SAMLING FØR SOMMARFERIEN

Vi har ein flott vårsesong bak oss, med konsertar og konkurransedeltaking. Vi takkar dirigent, medlemar, publikum og sponsorar !

Vi satsar no på over 2 månadar med strålande sommarveir (!), og startar haustsesongen med øving onsdag den 17.08.2016, kl. 19:00. Deretter :

  • Øvingshelg med ekstern instruktør
  • BrassThonar i Fosnavåg
  • Deltaking på Herøytreffet
  • Juleprogram

Vi ynskjer alle god sommar !

 

Vi gler oss til konsert med Rein Alexander og Birgitte Grytten Velsvik

 
 

Rein Alexander treng knappast nærmare presentasjon for eit publikum i vårt nærområde. Med røter frå Gursken og Hareid, med fleire konsertar og framføringar på Møre og på fjernsyn dei siste åra, har publikum god kjennskap til dei vokale kvalitetane som har gjort Rein Alexander både nasjonalt og internasjonalt kjend.

Les meir om konserten her >